Skolelederen
06.06.2018
Sunnylven skule i Stranda kommune har utvida skuledag. All musikkundervisning og korpsundervisning tek Kulturskulen seg av. Og Veslefrikkprisen må nemnast: skulen har hatt 5 finalistar i nasjonal komposisjonskonkurranse dei siste tre åra!
I Stranda kommune har dei eit godt samarbeide mellom kulturskulen og grunnskulen. Vi tok turen til Hellesylt og Sunnylven skule for å sjå nærare på dette. Dagen var ikkje tilfeldig vald. Dei skulle ha ei eiga førestilling same dagen. Heile skulen skulle vere med i oppsettinga som var open for heile bygda. Meir om det seinare.
Skulen er ein 1.-10.-skule med 75 elevar. Det er om lag 25 elevar på kvart trinn; småskule-, mellom- og ungdomstrinn. Dei ligg innerst i Sunnylvsfjorden, ein del av Storfjorden, ikkje langt frå Geiranger. Djupe fjordar og høge fjell. Lause fjellsider er eit tema i denne bygda. Om Åkerneset rasar, vil det bli ei flodbølgje, og fjorden kan kome til å reise seg 100 meter. Det er overvåking og varsling i Åkernesremna.
Utvida skuledag
Det er lenge sidan dei bestemde seg for å innføre utvida skuledag og lokale forsøk med arbeidstidsavtale på Sunnylven. Mellomsteg og ungdomssteg er på skulen 32 timar i veka. Dei får leksehjelp på skulen; elevane har eiga studietid på skulen.
- Vi må vere fleksible og endrar bemanningsplan kvar veke. Personalet må sjølvsagt få noko tilbake - fleksibiliteten gå
Gå til medietSkulen er ein 1.-10.-skule med 75 elevar. Det er om lag 25 elevar på kvart trinn; småskule-, mellom- og ungdomstrinn. Dei ligg innerst i Sunnylvsfjorden, ein del av Storfjorden, ikkje langt frå Geiranger. Djupe fjordar og høge fjell. Lause fjellsider er eit tema i denne bygda. Om Åkerneset rasar, vil det bli ei flodbølgje, og fjorden kan kome til å reise seg 100 meter. Det er overvåking og varsling i Åkernesremna.