BUSKAP
08.10.2023
Mange snakkar varmt om å la ku og kalv vera saman heile mjølkeperioden, og at dette er bra for både kua og kalven. Bente Axelsson og Ole Johan Norddal i Jølster i Sunnfjord har prøvt dette to sesongar, og dei vil frårå samværet på det sterkaste.
Bente Axelsson og Ole Johan Norddal, som begge er veterinærar, har vore mjølkeprodusentar sidan 1999 med opphald i fire år, og dei har alltid hatt stålkontroll på jurhelsa. Dei driv konsekvent etter «Godt jur-anbefalingane», har aldri hatt problem med celletal tidlegare, og dei har alltid levert elitemjølk fram til august 2023.
- Me trur at dei fleste som innfører ku/kalv-samvær i mjølkeproduksjon av ein viss storleik, vil krasja før eller seinare. Slikt samvær går ikkje saman med kvalitetskrava til å levera mjølk til meieriselskapa, seier Bente som har gjort sine dyrkjøpte erfaringar.
Slik situasjonen er no, slit dei fortsatt med skader i jur og celletal ute av kontroll fordi heile besetningen vart nedsmitta av den smittsame jurbakterien Stafylokokkus aureus. Dette er ein vanleg mastittbakterie som finst i dei fleste besetningar i større eller mindre grad.
Ynskte endring i kalvestellet
Bakgrunnen for at dei ville testa ku/kalv-samvær, var at dette fekk mykje positiv omtale i media, samstundes som det kan sjå ut som om dette kan bli eit krav når ny dyrevelferdsmelding skal leggjast fram.
- Me ville testa dette ut i vårt opplegg samstundes som me ønskte å finna ein måte å fôra og holda kalvar på, som var både tidseffektiv og gav friske og robuste kalvar, fortel Bente.
Sjølv om kalvane hadde både god tilvekst og helse, var veterinærparet ikkje heilt fornøgd med kalves
Gå til mediet- Me trur at dei fleste som innfører ku/kalv-samvær i mjølkeproduksjon av ein viss storleik, vil krasja før eller seinare. Slikt samvær går ikkje saman med kvalitetskrava til å levera mjølk til meieriselskapa, seier Bente som har gjort sine dyrkjøpte erfaringar.