frilansjournalist
Det kjem fram av Ark&App, ein ny, omfattande studie som har sett på kva slags læremiddel som blir brukte i norske skular, korleis dei vert brukte og kva dei vert nytta til.
- Vi ønskte å finne ut korleis skuleeigarar, leiarar og lærarar vel læremiddel - og kva dette har å seie for læring, elevane sitt engasjement og undervisninga.
- Vi håpar denne kunnskapen kan hjelpe oss å forstå korleis elevar lærer i ein meir kompleks skulekvardag, der både konvensjonelle former for undervisning og nye, digitale løysingar blir tatt i bruk, seier Øystein Gilje, prosjektleiar i Ark&App og førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på Universitetet i Oslo.
Rettleiarrollen viktigare
- Digitale læremiddel er i grunnskulen berre ein liten del av dei ressursane elevane brukar i sine læringsprosessar, slår Øystein Gilje fast. (Foto: UiO.)
I 12 casestudiar og tre nasjonale spørjeundersøkingar over tre år har prosjektet undersøkt ulike former for undervisning og læremiddel i faga samfunnsfag, engelsk, naturfag og matematikk. Både i grunnskulen, ungdomsskulen og vidaregåande.
Eitt av resultata viser at elevane ofte brukar mange kjelder, både papirbaserte og digitale, for å løyse oppgåver i grupper eller individuelt. Det er ei større utfordring å lese fleire tekstar, der eleven må stille saman informasjon