Sundag 11. desember deltar USAs tidlegare utanriksminister Henry Kissinger i ein samtale i Universitetets aula om verdsfreden etter presidentvalet i USA. Då møter han president Jimmy Carters tryggingsrådgjevar Zbigniew Brzezinsky. Dei er inviterte til Oslo av Nobelinstituttet og Universitetet i Oslo. Mange held Henry Kissinger som ansvarleg for både kuppet mot Salvador Allende i Chile i 1973 og for å ha halde ei vernande hand over militærdiktatura i Latin-Amerika på 1970-og 1980-talet. Han får også skulda for å ha forlengja krigane USA førte i Indokina. Både Latin-Amerika-ekspert Benedicte Bull og dokumentarfilmskapar Erling Borgen har difor vore kritiske til at Henry Kissinger er invitert til Noreg.
Overraska over at Kissinger er invitert til Noreg
Torsdag stod dei to UiO-tilsette James Sagaute og Raul da Cunha fram i Uniforum og fortalde kor sjokkerte dei var over at UiO hadde invitert Henry Kissinger til å delta i ein samtale om verdsfreden i Universitetets aula. Begge hadde flykta frå to tidlegare militærdiktatur i Latin-Amerika.
Flyktning og UiO-tilsett: - Eg er sjokkert over Kissinger-invitasjon
-Må unngå å reisa til Latin-Amerika og Europa
I dag kjem fleire akademikarar på bana. Jussprofessor Mads Andenæs brukar sterk


































































































