AddToAny

Korleis kan musea redde verda?

Korleis kan musea redde verda?
Sjå også artikkelen Miljøfyrtårn som metode For Stiftinga Norsk Folkemuseum er sertifisering som Miljøfyrtårn eit viktig første steg i retning av ei berekraftig verksemd.
I år sette Stiftelsen Norsk Folkemuseum i gang eit prosjekt med namnet «SNF Bærekraft 2019-2020». Målet med prosjektet er å få sertifisert alle avdelingane ved stiftinga som Miljøfyrtårn i løpet av 2020, eit mål dei skal nå med god margin, i følgje prosjektleiar Marianne Preus Jacobsen.

PROSJEKTLEIAR: Marianne Preus Jacobsen leiar prosjektet med å få Miljøfyrtårnsertifisert Stiftelsen Norsk Folkemuseum. Foto: Beate Kjørslevik NMM

- I løpet av neste år skal stiftinga utforme ein ny strategisk plan for 2021 og framover. I dag er berekraftig utvikling fundamentet for dei fleste verksemder, seier ho.

- Kvifor landa de på denne metoden?

- Miljøfyrtårn er ein veldig god og etablert metode for miljøleiing. Ved hjelp av ein ekstern konsulent har vi fått hjelp til å finne ut kor miljøbelastninga vår er størst, og kor det er lurt å setje inn støtet.

Med sertifiseringa forpliktar museet seg til å ha oversikt og kontroll, og å ha ein prosess for heile tida å redusere verksemda si belastning på omverda. Det er ein måte å sikre at alle avdelingane jobbar systematisk saman med å redusere klimafotavtrykk og handsame avfall på ein betre måte.

- Forbrukarane ønskjer trygge og bærekraftige valg, det vert viktigare og viktigare i eit publikumsperspektiv, seier Jacobsen.

For avdelingane ved Folkemuseet er det ikkje nytt å tenkje berekraft. Frå 2012 har Bygdø Kongsgård drive økologisk og er Debio-sertifisert.

- Det finst mange ulike merke- og sertifiseringsordningar, og vi tenker at på sikt kan alle serveringsstader i heile stiftinga også klare få debiogodkjenning.

Kor trykker skoen mest?

Jacobsen er overraska over kor mykje av miljøbelastninga som handlar om innkjøp og forbruk. Mange av tiltaka handlar dermed om å vere kritiske til val av produkt og leverandørar

- Vi har gått gjennom alle leverandørane våre for å sortere kven som har miljøsertifisering eller som tilbyr miljømerka produkt. Miljøfyrtårn tilbyr praktiske verktøy, som for eksempel innkjøpsrettleiar, til dette arbeidet.

- Turisme er jo viktig for museet, og særleg for avdelingane på Bygdøy er cruiseturismen spesielt viktig. Korleis harmonerer dette med målet om berekraft?

Det er heilt klart at cruiseturismen må bli meir berekraftig. Oslo kommune og Oslo Havn har ambisiøse planar om grøn turisme i Oslo, og vi stiller oss bak dette arbeidet.

- Er slike ting ein del av sertifiseringa?

- Det som er ein del av sertifiseringa er kravet om kommunikasjon - at ein implementerer berekraft i alt ein kommuniserer overfor omverda, seier Jacobsen.

Fakta // MILJØFYRTÅRN

Miljøleiingssystem for offentlege og private verksemder som ønsker å dokumentere sin miljøinnsats.

Verksemder og bedrifter som oppfyller definerte bransjevilkår kan sertifiserast som miljøfyrtårn.

Sertifikatet tildelast etter ei uavhengig vurdering av sertifisør utnemd av kommunene. Ein leverar årlege miljørapportar, og verksemda må resertifiserast kvart tredje år.

Fakta // INNKJØP

I 2017 stod offentlege innkjøp for 16 prosent av Noreg sine totale klimafotavtrykk. Klimafotavtrykket av offentlege innkjøp, som i 2017 var på 11,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar, tilsvarer meir enn direkteutsleppet frå all vegtrafikk i Noreg, ifølgje ein rapport av Asplan Viak for Difi.

Illustrasjon: Trond Vestengen

Den største klimarisikoen

Musea bør reflektere over korleis og kor langt gjestene deira reiser for å kome til museet, mei

Les mer

Flere saker fra Museumsnytt

Museets første utstilling med hus fra Nord-Norge består av et tun satt sammen av et hus fra Olderfjord og et fjøs fra Indre Billefjord.
Museumsnytt 20.12.2019
I «Alt det vi eier» får publikum for første gang se Munchmuseets fire samlinger side om side i en utstilling. Vi kan beundre noen av Munchs mesterverk samt ikoniske verker fra Amaldus Nilsen og Ludvig O. Ravensberg.
Museumsnytt 19.12.2019
Det er en dempet side av Gustav Vigeland vi stifter bekjentskap med i denne utstillingen. De massive og ekspressive verkene som assosieres med Vigeland er byttet ut med små skisser og håndskrevne notater.
Museumsnytt 17.12.2019
Utstillingen Da Norge Brant markerer at det er 75 år siden frigjøringen av Øst-Finnmark. Utgangspunktet er en tegneserie av Kristian Krogh-Sørensen med samme navn som utstillingen. Åpningen og lanseringen av tegneserien var den 25.
Museumsnytt 16.12.2019
Sjå også artikkelen Korleis kan musea redde verda I kjølvatnet av Kulturrådet si årskonferanse hausten 2018, som handla om klimakrisa, vart det sett av ein pott på 2,1 mill. kroner til tilskotsmottakarar frå Norsk kulturfond.
Museumsnytt 13.12.2019

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt