AddToAny

Kor mykje grovfôr et norske mjølkekyr?

Kor mykje grovfôr et norske mjølkekyr?
Ifylgje Mjølkonomi-statistikken i 2015 åt kyr i konvensjonell drift 62 MJ og dei økologiske 68 MJ grovfôr per ku og dag (1 FEm ≈ 7,075 MJ). Tala inneheld alle raser. Variasjonen er veldig stor.
Dei 10 prosent beste buskapane hadde 74 MJ grovfôr per ku og dag, medan dei 10 prosent lågaste hadde 53-54 MJ. Spesielt i gode grovfôrår bør det vera eit mål å få i kyrne mest mogleg grovfôr og heller spare kraftfôr. I denne artikkelen skal vi sjå på kva som påvirkar opptaket, og ei enkel økonomiske vurdering. I Kukontrollen bereknar vi «MJ utanom kraftfôr». Dersom det ikkje blir gjeve «anna fôr» som for eksempel mask og potet vil dette også dreie seg om reint grovfôroppptak. Kukontrollberekninga har vesentlege feilkjelder som det er viktig å vera klar over. Mjølkonomitala er mykje sikrare.



Berekning av grovfôropptak og feilkjelder

Prinsippet for utrekninga i Mjølkonomi er slik: Energiforbruk totalt ut frå kyrne sin produksjon - energi frå tildelt kraftfôr og eventuelt «anna fôr» = energiopptak frå grovfôr. Så dividerer vi dette med antal fôrdagar. Energiforbruket blir korrigert i forhold til fett- og proteinprosent i tankmjølka, slik at eventuell feil uttak av mjølkeprøver ikkje påvirkar resultatet. Vi tek også omsyn til oppgjeve bruk av tankmjølk til kalvane. Det er konsekvent rekna med to prosent svinn hjå alle - for eksempel husholdningsmjølk og uttømt antibiotikamjølk. Kraftfôrmengda oppgjeve i Kukontrollen stemmer ikkje alltid med faktisk forbruk pluss/minus lagerendring, og i Mjølkonomi korrigerer vi for avvik. Grovfôropptak i Mjølkonomi gjev derfor ganske sikre tal. Ei feilkjelde er at vi ikkje veit vekta på kvar enkelt ku, men vi tek omsyn til brystmålingar og slaktevekter i buskapen. Fei
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt