AddToAny

KOMMENTAREN

Etter innspel i høyringa har departementet samla reglane om urnevegg i éin paragraf og klårgjort at nærare føresegner kan stå i lokale vedtekter.
Det er opp til den enkelte gravplasstyresmakt å avgjere om ein ønskjer å etablere urnevegg eller ikkje. Ny urnevegg vil vere ei vesentleg endring av gravplass som må godkjennast av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Første ledd i § 15b definerer urnevegg: "Med urnevegg forstås vegg eller byggverk på gravplass med plass til askeurne i lukkede nisjer." Urnevegg skal stå på gravplass. SOSI-krava gjeld ikkje. Nisjene skal vere lukka slik at urnene ikkje er tilgjengelege.

Det gjeld ikkje nasjonale reglar om storleiken på nisjane. Gravplasstyresmakta har fridom til å utforme nisjane, mellom anna til å gi reglar i vedtektene om at fleire urner kan plasserast i same nisje.

Andre ledd seier at namn og data kan setjast på plata som lukker nisjen. Det følgjer av ei endring i § 21 at tekst, fotografi, dekor og symbolbruk i urnevegg skal vere sømmeleg. Det er ikkje plikt til å påføre namn og data utanpå nisjen i urneveggen. Nærare føresegner om utforminga av platene skjer i lokale vedtekter.

Tredje ledd gir reglar om tida i nisjen og kva som skjer etterpå. Det skal vere ei fredingstid på minst 20 år i nisjen, men det bryt ikkje med gravfreden når urna deretter blir teken ut og gravlagd. Ved ny gravlegging av fleire urner i same nisje innanfor fredingstida, vil gravplassforskrifta § 16 innebere at det blir ny periode utan festeavgift.

Urne i urnevegg skal tole oppbevaring i minst 100 år. Når éi urne har stått ut fredingstida, kan ho gravleggjast for å gi plass til fleire urner. Det er ikkje eit krav at nisjen blir tømt under eitt. Urna kan bli ståande i nisjen også etter 20 år dersom nisjen blir festa eller dersom gravplasstyresmakta vel å ikkje frigjere nisjen. Etter fredings- og festetida, blir oska frå den haldbare urna som stod i nisjen, flytta til ei urne som let seg bryte ned. Denne urna blir gravlagt anonymt på ein gravplass i kommunen. Då gjeld dei vanlege reglane for anonym gravlegging.
Frå nyttår gjeld ny § 15b i gravplassforskrifta. Føresegna regulerer bruk av urnevegg på norske gravplassar. Bakgrunnen for endringa er NOU 2014:2 punkt 11.4, Prop. 86 L (2019- 2020) og høyringa i fjor sommar.
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Gravplassen

Meldingen var: «Styret har valgt å terminere avtalen med ditt firma, Svart på Kvitt».
Gravplassen 10.10.2022
Søppelet hoper seg opp på gravplassene i Narvik. Nå ønsker driftslederen at reglene skjerpes. (Foto: Torgeir Mathisen) Driftsleder, Torgeir Mathisen. (Foto: Privat)
Gravplassen 10.10.2022
Av gravplassloven § 21 følger det at gravplassmyndigheten fastsetter vedtektene for gravplasser. Vedtektene skal godkjennes av Statsforvalteren i Vestfold og Telemark før vedtektene kunngjøres og trer i kraft.
Gravplassen 10.10.2022
Gravplassen 10.10.2022
Hvert fjerde år arrangerer den nordiske foreningen for gravplasser og krematorier nordisk kongress. 14. - 16. september gikk arrangementet av stabelen i Tampere, Finland.
Gravplassen 10.10.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt