BUSKAP
08.09.2023
For nokre veker sidan vart eg kontakta av ein bonde som hadde ei ku som plutseleg var blitt stokk halt ute på beite. Ho hadde vore heilt fin då han slapp ho ut om morgonen, men då han henta kyrne inn til mjølking om kvelden, ville ho nesten ikkje trakka på eine bakfoten.
Eg reiste ut for å sjå på kua, og ho var heilt frisk bortsett frå den vonde foten. Eg la merke til at når ho sette foten i bakken, så hadde ho «breibeint» ganglag, og ville helst ha tyngda på innerklauva på den vonde bakfoten. Det var også tydeleg vondt når eg manipulerte og banka på ytterklauva. I tillegg hadde ho ein liten hevelse i kronrande der klauvkapselen går over i hu
Gå til mediet


































































































