Det er greitt at klorofyllet samlar solenergi. Ein netto av opptaket blir lagra i form av tømmer, stubbar, kvist, bar og jordsmonn. Såleis har vi eit karbonlager i skogen som er meir enn tømmer. Vi blir nøydde til å sjå nærare på om-grepet sirkulært C. Barnålene i grana er skifte ut etter syv år. Dei fell til marka, går inn som del av humus for så etter eit visst tal år gå attende til luft for så igjen å gå inn i barnåler og bli til tømmer, bar og humus. Vokstergrunnen så vel som måten vi skjøttar skogen på avgjer mengd av og karakter på strøfall og humus.
I SAMBAND MED CO2 og luft er det viktig å ha for seg at det karbonet som er bunde i trea og humusen er sirkulært. Det går frå tre til humus og frå humus til luft, for så å på nytt bli teken opp av vegetasjonen. Så lenge denne prosessen var uforstyrra av andre C-kjelder heldt mengda av CO2 seg temmeleg konstant, og det er målt over ein periode på dei siste 700 000 åra (i isen på Antarktis).
DET ER VIKTIG å ha for seg at ein overraskande stor del av karbonet er sirkulært, og det er knytt til biologisk aktivitet. Samt av dette sirkulerer gjennom året. Det er planter som overlever vinteren som frø. Frøa spirer, veks og døyr gjennom ein vekstsesong. På den hi sida har vi planter som kan bli fleire tusen år gamle, men også desse skogkjempene døyr og går attende til luft.
I MYR ROTNAR det ikkje. Myrene byggjer seg såleis opp over tid dei har til rådvelde mellom istider. Det dreiar seg om 10 000 til 20 000 år