Den blyge soppen
Trass i det knudrete, gåtefulle skalet, er trøffelen verken ei nøtt eller ei rot. Han er ein snodig form for sopp - ein litt blyg type, som held seg nede i jorda
Først nokre enkle trøffelfakta: Trass i det knudrete, gåtefulle skalet, er trøffelen verken ei nøtt eller ei rot. Han er ein snodig form for sopp - ein litt blyg type, som held seg nede i jorda. Som soppar flest veks dei gjerne under tre, der faren for å tørke ut er mindre.
Sopp er «vrengte dyr»
Faktisk har sopp og tre (og andre planter) gjennom millionar av år utvikla eit snedig samarbeid som vi økologar kallar sopprot, eller mykorrhiza. Nede i jorda finn vi eit permanent nettverk av nesten usynlege sopptrådar som smyg seg rundt og inn i planterøtene. Dei fungerer som eit utvida rotsystem som aukar opptak av mineral og vatn. Som takk får soppane sukker og stivelse frå plantene.
På mange vis liknar faktisk trøflar, sjampinjongar og andre soppar meir på oss menneske og andre dyr, enn på planter. Verken vi eller soppane har blad som kan fange energi direkte frå sola, så vi får energi ved å ete planter, eller nokon som