AddToAny

Kan han gjere forskinga rikare?

At han treng hjelp i kvardagen vart eit fortrinn. I dag er Ole Magnus Oterhals blant Noregs mest erfarne utviklingshemma medforskarar.
Kvar dag kjem det folk til Ole Magnus Oterhals sitt husvære. Han klarer mykje sjølv, men treng mellom anna hjelp til å lage mat og vaske. Han er glad for å bu i eit land med eit offentleg hjelpetilbod.

Nokon gonger har han likevel opplevd tilbodet som skremmande.

- Eg synest at det er viktig at ein blir kjent med kvarandre. Men ikkje alle er så flinke til ein sånn bli kjent-prosess.

Oterhals sit på eit møterom ved Høgskolen i Molde, arbeidsstaden hans. Det handlar om å vere høfleg, forklarer han. Om å seie hei eller god dag. Slik at han veit kven som har kome inn i heimen hans.

Erfaringa med å få hjelp var ein viktig grunn til at Oterhals vart hanka inn av forskarar ved Høgskolen i Molde i 2010. Prosjektet «Mitt hjem - Min arbeidsplass» handla nettopp om å få, og gje, hjelp.

I årevis hadde personar med utviklingshemming vore ekskluderte frå norsk forsking. Dei kunne bli forska på, men ikkje forske. Så nådde erfaringa frå Australia og Storbritannia hit òg. Der hadde dei drive med inkluderande forsking sidan 1980-talet. «Nothing about us without us,» var slagordet.

Oterhals vart ein av Noregs første medforskarar med utviklingshemming.

Skal ta del i alle ledd

Innan helse og velferd ventast det at brukarar skal påverke, og ta del i, forskingsprosessen. I Stortingsmelding nr. 10 (2012-2013) «God kvalitet - trygge tjenester» skreiv Helse- og omsorgsdepartementet at slik medverknad skal telje positivt i vurderinga av søknader.

Forskingsrådet har følgt opp. Områdedirektør for Samfunn og helse, Jesper W. Simonsen, skriv i ein e-post at Forskingsrådet legg stor og aukande vekt på brukarmedverknad i forsking.

Er brukarar involverte som medforskarar, kan dei utøve ulik grad av kontroll over forskingsprosessen, men dei skal ta del i alle ledd. Dei får også løn.

Kom nærare problematikken

Prosjektet «Mitt hjem - Min arbeidsplass» var drive av Høgskolen i Molde ilag med tre andre institusjonar.

- Utgangspunktet for å bruke medforskarar var først og fremst at dei hadde kompetanse på temaet. Vi kom nærare problematikken, fortel May Østby, i dag førstelektor i vernepleie ved Høgskolen i Østfold.

Forskarane ønska at folk som får hjelp heime, i større grad skal seie frå om korleis dei vil ha det, og at dei som gjev hjelp, skal tenkje over korleis dei gjev denne hjelpa.

Eit av forskingsspørsmåla var om korte f

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt