Forskerforum
28.05.2026
KVEN: Annette Alstadsæter, professor ved NMBU, Handelshøgskolen FÅR: 40 millionar kroner frå Forskingsrådet SKAL: forske på korleis folk unndrar
... skatt, og korleis skattereglane kan bli betre og meir rettferdige Veit du kva «framførbart underskot» er? Omgrepet høyrer til i selskapsskatteverda, men vart nær allemannseige då nrk i fjor publiserte ei rekke saker om korleis bedriftseigarar kunne sikre seg skattekutt ved å kjøpe bedrifter som har gått med underskot.
Skattefrådrag når bedrifta går med tap, gjer det tryggare å starte bedrift. Samstundes skal ikkje skattefordelen av underskotet vere den viktigaste motivasjonen for å kjøpe ei bedrift.
Vil måle det skjulte
Korleis personar og selskap tilpassar seg skattereglane, og korleis reglane i sum kan bli betre, er hovudspørsmåla Annette Alstadsæter skal forske på dei komande åra. Prosjektet er tildelt 40 millionar kroner frå Forskingsrådets toppforskar-ordning, som har til føremål å utvikle verdsleiande forskingsmiljø og flytte forskingsfronten. Alstadsæter er professor ved nmbu, der ho leiar forskingssenteret Skatteforsk.
Gratulerer med så mykje pengar! Korleis kjendest det å få beskjeden?
Vi vart sjølvsagt glade, men først og fremst letta, seier Alstadsæter.
No kan vi knyte til oss fleire unge forskarar og halde på dei vi allereie har. Dessutan set vi stor pris på kvalitetsstempelet denne tildelinga set på forskinga vår. Alstadsæter var lenge einaste skatteforskar ved nmbu, men i dag leiar ho eit tjuetal forskarar og fleire administrativt tilsette. Toppforskarprosjektet skal gjennomførast i samarbeid med skattejuristar ved Universitetet i Stavanger (UiS) leia av professor Benn Folkvord, i tillegg til partnarar i inn- og utland.
Gå til medietSkattefrådrag når bedrifta går med tap, gjer det tryggare å starte bedrift. Samstundes skal ikkje skattefordelen av underskotet vere den viktigaste motivasjonen for å kjøpe ei bedrift.