Magasinet for fagorganiserte
25.08.2021
Som utleigd på norske oljeplattformer fekk lsaac Maqbul og kollegaene mindre lønn enn dei hadde krav på. Storstilt lønnstjuveri og grov forakt for lover og reglar, meiner tillitsvald i bedrifta som leiger inn.
SOLA/OSLO: Magasinet møter stillasbyggar og Fellesforbundet-medlem lsaac Maqbul (39) på Sola. Han er innlosjert på eit hotell ved flyplassen, før han dagen etter skal reise ut på Valhall-feltet og den første turen sin som tilsett i Kaefer Energy. Det er likevel ikkje første gongen han jobbar for bedrifta som driv med isolasjon, stillasbygging og overflatebehandling (ISO) på plattformene til norske oljeselskap.
I eitt år har han vore utleigd i full stilling til Kaefer gjennom det Rogaland-baserte selskapet NSE lndustrier.
Der fekk han konsekvent lågare lønn enn dei tilsette i bedrifta han var utleigd til.
TOK KAMPEN
Når Maqbul startar å reise offshore i 2018, snakkar kollegaene stadig om lønnsforskjellar.
Han veit at innleigde skal likebehandlast og ha lik lønn som tilsette i bedrifta som leiger inn, men får høyre at NSE er ei produksjonsbedrift og derfor ikkje må betale like godt.
- Det kjennest urettferdig å gjere akkurat den same jobben til lågare lønn, innrømmer han.
Samtidig går NSE så det susar, med fleire titals millionar i overskot.
I vinter kjem tilsette i kontakt med Fellesforbundet-klubben i Kaefer Energy. I starten av juni møter ei gruppe NSE-tilsette Kaefer-klubben ute på Johan Sverdrup, fortel Maqbul, og dei bestemmer seg for å ta kampen for lik lønn som dei Kaefer-tilsette.
Kaefer-klubben har lenge hatt auga på lønna i NSE.
PRODUKSJON ELLER BEMANNING?
Kaefer-klubben har heilt sidan 2018 kravd overfor arbeidsgivaren at tilsette i NSE skal likebehandlast.
Dei meiner NSE er eit bemanningsbyrå, og kan dessutan vise til ein høgsterett
Les opprinnelig artikkelI eitt år har han vore utleigd i full stilling til Kaefer gjennom det Rogaland-baserte selskapet NSE lndustrier.