AddToAny

Inne i den norske modellen

Inne i den norske modellen
Presis innsikt i grunnlaget for lønnspolitikken.
Lurer du på korleis det har seg at vi i Noreg, på tvers av nesten heile det politiske spekteret, har hatt ei felles forståing av at det bør vere relativt små lønsskilnader, ei rimeleg fordeling mellom lønsvekst og vekst i eigarinntekter, og at desse fordelingsomsyna må balanserast mot konkurranseevna vår? Då er boka Modellbyggerne truleg blant dei beste introduksjonskursa du kan få. Boka gjev presis innsikt i utviklinga av dei institusjonelle ordningane som har bygd opp om og langt på veg realisert denne førestillinga, som kompromisset mellom arbeidstakar- og arbeidskjøparinteresser gjennom koordinerte lønnsoppgjer, og den berande ekspertkunnskapen: sosialøkonomane.

Boka startar pedagogisk instruktivt med utviklinga og etableringa av pris- og inntektsmodellen PRIM, eit neppe heilt utilsikta akronym for modellbyggjaren Odd Aukrust - agronomsonen frå Tynset - ein av dei viktigaste sosialøkonomane i landet gjennom 40 år, og frå etableringa i 1967 til 1985 leiar for utvalet som er temaet for denne boka, Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU).

Den detaljerte skildringa av PRIM gjer at vi får auga opp for korleis sosialøkonomar på den tida førestilte seg den prinsipielle sondringa mellom sak og vurdering: Aukrust analyserte historiske data om løns- og prisdanning, forma gjennom dei institusjonelle ordningane som prega norske inntektsoppgjer, og fann ein underliggjande hovudkurs for løns- og prisvekst som over tid skapte det han meinte var relativt rasjonelle avvegingar mellom rettferdig fordeling og konkurranseevne, ei slags tariffsystemet si usynlege hand. Hovudkursen kjem av realøkonomiske avvikskorrigerande mekanismar, men PRIM kunne medverke til eit kunnskapsgrunnlag for lønsoppgjera som, dersom det vart lagt til grunn, kunne redusere avvika. Dette var det nest beste alternativet når ein først hadde avgjort at eit så sentralt samfunnsøkonomisk verkemiddel som lønsnivået ikkje skulle avgjerast av styresmaktene (og dermed under sosialøkonomane sitt herredøme), men, med Aukrust sine ord, var «overlatt til fiksering gjennom forhandlinger bak lukkede dører av representanter for LO og NAF» (Norsk arbeidsgiverforening).

TBU var frå starten tenkt som den kompasstyrande handa for inntektspolitikken, gjennom fastsetjing av datagrunnlag og prognosar for korleis til dømes lønsvekst påverka prisvekst og konkurranseevne, i eit tariffsystem der konkurranseutsett industri skulle vere lønsleiande og dermed avgjerande for lønsvekst blant andre arbeidstakarar. Så var også LO og NAF dei einaste av interesseorganisasjonane som fekk plass ved bordet i utvalet, inntil tusenårsskiftet, då medlemsmassen til partane i offentleg sektor hadde gitt dei ei politisk kjøtvekt som gjorde det vanskeleg å halde dei utanfor. Interesserepresentasjonen frå partane og frå dei sentrale departementa var likevel alltid formidla og omforma gjennom den sosialøkonomiske ekspertisen, som frå starten sat på nesten alle stolane kring bordet.

Ein av dei mange kvalitetane ved boka er at ho viser korleis «tekniske» spørsmål om presisering og utvikling av modellgrunnlaget over femti år har vore institusjonelt forankra og dermed interesse- og verdiladde, og om den normative fellesskapen i utvalet, illustrert ved at det var NAFs representant, Olav Magnussen, som under drøftinga av konkurranseevneomgrepet i 1986 var den som tok til orde for at omgrepet måtte romme omsynet til «en akseptabel inntektsfordeling».

Men boka er også, og kanskje mest av alt, prega av at TBU her er eit prisme som kastar lys over så mange sider av norsk politikk gjennom femti år, ikkje berre lønsforhandlingar med tilhøyrande konfliktar, men også norsk økonomisk politikk i brei forstand, underliggjande økonomiske og sosiale strukturendringar som vekst i høgare utdanning og ein ekspanderande velferdsstat, og alt dette under skiftande regjeringar og konjunkturar. Boka fører oss fram gjennom innfasinga av oljepengar, via den eksepsjonelt sterke reallønsveksten frå tusenårsskiftet til 2013 - ein vekst som knapt kjenner sidestykke internasjonalt - heilt fram til i dag.

Slik er boka eit bakteppe for dagens økonomiske situasjon og dagens politiske regime. Her kan vi som lesarar berre undre oss, slik til dømes eg sit og lurar på om grunnlaget for rettferdig inntektsfordeling og norsk konkurranseevne no er i ferd med å erodere - i kombinasjon, sjølvsagt, men kanskje også kvar for seg?

Image-text:

Hvis de ansatte i staten stemmer nei et lønnsoppgjør på 3,3 prosent, kan det ende i streik.

Boka om Det tekniske berekningsutvalet kastar ikkje berre lys over lønsforhandlingar og konfliktar, men over norsk økonomisk politikk i brei forstand.

Extra-info:

Fakta

Lars Fredrik Øksendal og Eivind Thomassen

Modellbyggere. Det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjørene 1967-2017

Pax, 2017

285 sider

Veil. pris: kr 349

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt