Ho får prisen for å bruke eit enkelt og forståeleg språk i formidlinga av nyheiter, skriv NRK.no.
I grunngjevinga for prisen skriv juryen:
«Prisvinnaren bruker eit enkelt språk og jobbar dagleg aktivt for at språket skal vere forståeleg for folk flest, og ho når slik ut til publikum i alle kanalar. Eit heilt eige engasjement for det norske språket generelt og nynorsk spesielt har alltid vore der, både på jobb og privat. For vinnaren er det viktigaste at publikum skal forstå det ho formidla».
Bryn starta i NRK Hordaland i 1984. Etter det har ho blant anna jobba i Dagsnytt, vore NRK-korrespondent i Stockholm og Washington - og sidan 1992 vore programleiar for Dagsrevyen.
Bryn har også vikariert som språksjef i NRK.
Image-text:
Språkprisen blei delt ut av kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Her saman med prisvinner Ingvild Bryn.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRK