Universitetsavisa
19.06.2018
NTNU og UiO er ikkje klare for å gå inn i samarbeid om nasjonal universitetsavis. Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen ser igjen mot Khrono og OsloMet.
Førebels blir det ikkje noko av eit tettare samarbeid mellom UiB, NTNU og UiO om nasjonal avis for UH-sektoren. Det er klart etter møtet i den såkalla U5-gruppa måndag, skriv På Høyden.. Det er rektorane frå universiteta i Bergen (UiB), Oslo (UiO), Ås (NMBU), Tromsø (UiT) og NTNU som er med i U5.
Les merVerken NTNU eller UiO er etter møtet klare for å gå inn i meir forpliktande samarbeid med UiB. Begge har tidlegare takka nei til å kjøpe seg inn som medeigar i Khrono, som er OsloMets avis.
Dermed står UiB og rektor Dag Rune Olsen tilbake med utgangspunktet - tilbodet om å kjøpe seg inn i Khrono.
- Vi kjem til å fatte eit vedtak basert på tilbodet frå Oslomet på UiBs styremøte 30. august, seier Olsen.

































































































