Bioingeniøren
21.06.2019
Ved implementering av nye analysar er kvalitetssikringsarbeid viktig. Denne artikkelen viser verifiseringsprosessen ved implementering av ein ny analyse; anti-HMGCR. Analysen er sjeldan positiv, noko som gjer at verifiseringsprosessen er utfordrande og tidkrevjande.
Seksjon for medisinsk immunologi (MI) utfører autoantistoffpåvisning, allergologiske testar med eit utvida panel av allergenkomponentanalysar - og ulike proteinanalysar relatert til inflammasjon. Seksjonen sørgjer samtidig for eit oppdatert analyserepertoar ved å innføre nye analysar etter førespurnad frå rekvirentar.
Ved innføring av ein ny analyse på laboratoriet, må analysen kvalitetssikrast gjennom anten full metodevalidering eller verifisering. Dette er ein viktig del av kvalitetssikringsarbeidet i seksjonen. Implementering av nye analysar er ein krevjande prosess. Vi er eit spesielt laboratorium som tilbyr og utfører analysar som ingen andre laboratorium i landet gjer, og prøvegrunnlaget er ofte lite. Det er ei utfordring for oss å samle nok prøvemateriale og å definere kva som er «godt nok».
I 2017 valte vi å implementere ein ny analyse av autoantistoffet anti-HMGCR (anti-3-hydroksy-3-metylglutaryl-koenzym A-reduktase) ved bruk av enzymelinked immunosorbent assay (ELISA) metodikk (QUANTA Lite ®HMGCR, Inova Diagnostics). Bakgrunn for innføring av anti-HMGCR i vårt analyserepe
Gå til medietVed innføring av ein ny analyse på laboratoriet, må analysen kvalitetssikrast gjennom anten full metodevalidering eller verifisering. Dette er ein viktig del av kvalitetssikringsarbeidet i seksjonen. Implementering av nye analysar er ein krevjande prosess. Vi er eit spesielt laboratorium som tilbyr og utfører analysar som ingen andre laboratorium i landet gjer, og prøvegrunnlaget er ofte lite. Det er ei utfordring for oss å samle nok prøvemateriale og å definere kva som er «godt nok».
I 2017 valte vi å implementere ein ny analyse av autoantistoffet anti-HMGCR (anti-3-hydroksy-3-metylglutaryl-koenzym A-reduktase) ved bruk av enzymelinked immunosorbent assay (ELISA) metodikk (QUANTA Lite ®HMGCR, Inova Diagnostics). Bakgrunn for innføring av anti-HMGCR i vårt analyserepe