Implementering av nye analysar - korleis gjer vi det.pdf (176 KB)
Validering er framskaffing av objektive bevis på at metoden er eigna til formålet. Det er difor viktig at krava er sett på førehand, slik at ein kan bedømme om dei er oppnådd. Ved innføring av ein ny målemetode i laboratoriet der valideringsdokumentasjon ikkje eksisterer eller er mangelfull, er validering aktuelt. Validering er også aktuelt når det er avvik i prosedyre frå leverandøren, som kan ha konsekvensar for analysekvaliteten, som for eksempel når metoden skal brukast til analyse i eit materiale den ikkje er validert for (1,3,4).
Verifisering er ein enklare prosess enn validering, og går ut på å dokumentere at metoden fungerer som forventa i eige laboratorium (1,3,4). Ofte er mange av eigenskapane til ein metode og kliniske nytteverdi validert av andre (hjå leverandøren eller andre laboratorium), og då er det tilstrekkeleg å verifisere at metoden fungerer med same kvalitet


































































































