AddToAny

- Ikkje reelt demokrati

- Ikkje reelt demokrati
Kva skal ein med demokratiske organ om det meste blir styrt frå toppen?
- Fakultetsstyret blir eit «supperåd» om ein berre diskuterer utan å kunne bestemme. Den eine gongen vi faktisk hadde teke ei avgjerd om fakultetsstruktur, gjekk rektor imot avgjerda i fakultetet, seier professor Aksel Tjora ved NTNU. Han sit i fakultetsstyret ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap (SU).

Trenden er klar: På instituttnivå har fleire institusjonar lagt ned styra, som nokre stader blir erstatta med råd (sjå faktaramme). Stadig fleire diskuterer også om dei skal kutte ut fakultetsstyra.

Den formelle forskjellen er at eit styre kan ta avgjerder, medan eit råd har ein rådgjevande funksjon.

- Eg er svært usikker på om det formelle skiljet mellom styre og råd er der i praksis. Dette gjeld styre på ulike nivå, også instituttstyre. Eg oppfattar at styret eg sit i, fungerer som eit råd, fordi vi ikkje tek avgjerder, men mest kommenterer framlegg frå dekanus og fakultetsadministrasjonen, seier Tjora.



Har tru på styret

Utanfor møterommet til Institutt for medier og kommunikasjon (IMK) ved Universitetet i Oslo står førstamanuensis Marika Lüders og ventar på at det første møtet i instituttstyret skal kome i gang. Det er orienteringsmøte for dei nyvalde styremedlemmene og vararepresentantane. Lüders begynte ved instituttet i fjor vår, etter å ha jobba i åtte år ved Sintef i Oslo.

- Ein kollega av meg oppmoda meg om å stille til val. Eg var nok litt i tvil, fordi eg eigentleg støtta ein annan kandidat. Men så vart eg overtalt, seier Lüders, som er vald inn som representant for fast vitskapleg tilsette i perioden 2017-2019.

Lüders meiner det er svært viktig å behalde instituttstyret.

- Styret har hatt mykje seie når det gjeld nytilsettingar, kva for strategiske val vi skal ta, og kva veg vi skal gå framover. I og med at ein er vald, så representerer eg ei heil gruppe av tilsette, seier ho.

- Det er ikkje veldig vanskeleg å få folk til å stille opp. I haust var det fleire som stilte til val enn det er faste plassar i instituttstyret.

Gunnar Liestøl er professor ved IMK og har vore nestleiar i instituttstyret.

- Tidlegare, då også styreleiaren var vald, gjekk vervet meir på omgang etter prinsippet «no er det snart din tur». Men i dag har vi tilsett instituttleiar, og vi leikar ikkje stolleiken lenger.

- Har styret reell makt? - Ja, eg vil påstå at representantar for vitskapleg tilsette har makt. Instituttet vårt har vore spart for konfliktar, men det er spesielt viktig å ha eit styre om det dukkar opp alvorlege problemstillingar. Instituttet vårt er elles ikkje så stort, så eg kan ta opp saker direkte med leiinga eller via styret, og eg opplever at dei lyttar.



Tek heller ein telefon

Dei fleste institutt ved UiO har styre, men nokre få har instituttråd. Magnus Løberg er førsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn ved Det medisinske fakultet. Instituttet har fleire hundre tilsette, og er delt inn i seks avdelingar.

- Ved avdelinga har vi ein representant i instituttrådet, men det ville ikkje vere naturleg for meg å gå den vegen med sakene eg ønskjer å ta opp, seier Løberg, som driv med kreftforskin
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt