
Mobiltelefonen heng rundt halsen. Det var barnebarnet, Britt Eide, som overbeviste bestefaren om at mobiltelefon var ein god idé.
- Eg er døypt same dagen som første verdskrig starta. Det var ein sundag, og dagen etterpå vart kalla den galne måndagen. Det var fordi så mange ville hamstra inn korn og andre matvarer for å sikra seg og familien, seier Vidar Eide, som er født i huset han bur i.
Eide hugsar godt dei harde åra på 1920- og 30-talet.
- Eg las mange saker om tvangsauksjonar i Nationen på denne tida. Det var mange konkursar og saker i avisa som gjekk innpå oss, fortel han.
Mjølk og Strandebarmar
Eide har drive som mjølkebonde og båtbyggjar i på Eide i Tørvikbygd heile livet. Garden vart overført til sonen Jakob og svigerdottera Maria-Sigrun i 1982.
Båttypen Strandebarmar har