Heldigvis er det også gode historiar og unntak frå regelen: I norske skogar lever nemleg trioen elg, hjort og rådyr som alle har hatt ein formidabel framgang i Noreg dei siste hundre åra. Saman med villsvinet er desse store beitedyra ein del av ein europeisk «mottrend» med framgang i ei tid der mange dyreslag går kraftig tilbake.
Nesten utrydda
Visste du at hjorten nesten var borte frå norsk natur for hundre år sidan, og at rådyret faktisk var heilt utrydda? Berre ein og anna elg spankulerte gjennom skogane i aust. Det var også knapt med skog mange stader, og vi nordmenn hadde eit ekspansivt landbruk som tok i bruk heile landskapet. Klimaet var kjøligare, og viltforvaltning var fråverande. Totalt sett var det dårlege vilkår for store ville beitedyr i landet vårt, i det minste fram til midten av siste århundre.
Kongar og dronningars tilbakekomst
Foto: Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter
At vi i dag ser meir til skogens kongar og dronningar, er altså ei suksesshistorie i ei h