Skjer vi alle over ein kam, så nådde vi målet. Og det er sjølvsagt gledeleg! Det skal likevel ikkje vere usagt at nasjonale og globale statistikkar kan forføre. La oss ta fram forstørringsglaset og dei kritiske brillene og sjå eit døme på det.
Ved Hemil-senteret ved Universitetet i Bergen utførte vi ein trendanalyse av ernæringsstatusen hos born i Peru over 20 år frå 1991 til 2011. I tillegg til å estimere den totale utviklinga for kronisk feilernæring - om barnet har riktig høgd for sin alder - gjorde vi separate analyser av ernæringsstatus i forhold til barnet sin alder og barnet sitt kjønn, utdanningsnivået til mor, hushaldninga sin velstand, om barnet budde på landet eller i byen, og i kva geografisk region barnet budde.
Samla sett gjekk delen av kronisk feilerernærte born under fem år ned frå om lag 40 pros


































































































