forskning.no
08.06.2018
Debattinnlegg: Jerven er freda og klassifisert som sterkt truga på Norsk raudliste for artar 2015. I nokre tilfelle kan ein likevel tillate felling for å hindre skade på sau og tamrein.
Dette er i tråd med både norsk lovverk og internasjonale avtaler.
Les merPå Forskning.no kan vi 4. juni 2018 lese ein kronikk av Christian Børs Lind, rådgjevar i Naturvernforbundet, om norsk forvalting av jerv. Børs Lind har sterke meiningar om norsk forvalting av jerv. I Noreg strekkjer vi oss langt for å ta ut rovvilt som kan skade beitedyr, og dette vekker kjensler hos mange.
Kronikken inneheld likevel fleire feil om norsk forvalting av jerv som eg ynskjer å oppklare.
Les kronikken her: - Norske myndigheter desinformerer om bestanden
Vanskeleg å regulere gjennom lisensfelling
Stortinget har vedteke bestandsmål for dei store rovdyra, og har blant anna bestemt at det skal vere 39 årlege ungekull av jerv i Nore