Våre Veger
10.11.2017
Den austerrikske entreprenøren Strabag hadde i går gjennomslag på den 2 km lange Rødølstunnelen. Tunnelen utgjer om lag halve veglengda på delstrekning Øye-Eidsbru - den austlegaste biten av E16 Filefjell.
- Dette var artig å vere med på, og me fekk hol i tunnelen. Heldigvis har det gått bra å ha ein tunnel under bygging som nærmaste nabo, men me har høyrt det godt heile vegen at dei har jobba inni fjellet, seier Siv Vestrheim, som bur eit kort steinkast utfor tunnelmunningen på Eidsbru i Vang.
Les merSjølve gjennomslagssalva gjekk litt etter klokka fire torsdag ettermiddag. Holet var ikkje så stort, men tunnelen vart sprengt ut til full profil seinare på kvelden, og då møttes dei to endane i ei fi


































































































