Samtidig er du den som kjenner ho best. Du veit kva ho likar, forstår kva ho meiner - men dei tilsette inviterer deg sjeldan til å fortelja om ho.
Viktige verdiar
Verdiar vert ofte oppfatta som det gode, noko som er med på å gjera livet betre og rikare. Det handlar om alt som betyr noko for menneske, som er viktig for oss.
Gjennom ein studie utført i Sogn og Fjordane, har eg hatt samtalar med pårørande til menneske med demenssjukdom. I desse samtalane har eg fått kjennskap til kva dei ser på som verdifullt. Å bli lytta til og få bidra var noko som var viktig for dei.
Viktig i pasienten sitt liv
Alle er vi pårørande i løpet av livet. Til borna våre, mor, far eller andre nære familiemedlemmer. Pårørande er nære personar i livet til pasienten, og er ofte pasienten si viktigaste støtte. Dei kjenner pasienten godt, og har erfaring med kva som kan vera til hjelp.
Mange pårørande utøver omfattande omsorg overfor sine næraste. Innsatsen deira utgjer ein sentral del av samfunnet sin totale omsorgsressurs. Faktisk anslår offentlege utgreiingar at på

































































































