Norsk Skogbruk
19.05.2020
Vi som arbeider med bygningsvern er stadig på leit etter material. Vi lyt finne tre som svarar til dei trea det gamle huset vi steller med var bygd av. Då er det i naturskogen vi leitar.
I det som enno ikkje er flatehogge finn vi andre genotypar, annan aldersstruktur og anna veksemønster enn i jamnalderbestand etter flatehogst. Somt av det som bygningsvernaren treng går på kvistkarakter. Noko har med karakteren på veden å gjera. Det les vi mellom anna ved å granske borken.
Somme tre har stått i skugge i ungdomen slik at dei er godt kvista opp i rotstokken. Små dimensjonar kombinert med høg alder er slikt vi treng til konstruksjonsvyrke. Furu med høg alder (200 år og meir) og avslutta vekst gjev mykje kjerneved og til dels store dimensjonar. Det er slikt som vi treng til kyrkjetak. Lista over spesifikasjonar kan bli lang.
Poenget er at flateskogbruk kombinert med planting får frem eit heilt anna slags tømmer enn det som dei meir enn 500 000 gamle husa våre er bygde av. Det er berre i naturskogen, den skogen der det gamle gen-mangfaldet ikkje er fjerna, at vi enno har eit breitt spekter av kvalitetar å finne.
ISTANDSETTING KOSTAR
Det kostar å skifte delar i eit gammalt hus. I vanlege prosjekt i dag har materialkostnaden lege på 10-15% av samla kostnad med ei istandsetting. Det kan vera i hus som er fleire hundre år gamle. Diverre opplever vi litt for ofte at den nye materialen rotnar før det er gått 20 år. Sagt på ein annan måte: billeg material er vanvittig dyr. Om vi kunne få fram material som varde like lenge som den originale ville vi spare tid, krefter og pengar. Dertil ville arbeidet med bygningsarven bli meir tilfredsstillande på alle vis. Ikkje minst ville det bli meir interessant. Kanskje vi jamvel kunne utvikle rutinar slik at også det ordinære byggeriet kunne nyte godt av den vyrkesforståinga som dei gamle husa fortel om.
VI KAN LÆRE
Kva det er som gjer at gamle hus varer og at mange nye og restaurerte rotnar, er eit interessant spørsmål. Det er sikkerleg meir enn eitt svar. Noko veit vi,
Gå til medietSomme tre har stått i skugge i ungdomen slik at dei er godt kvista opp i rotstokken. Små dimensjonar kombinert med høg alder er slikt vi treng til konstruksjonsvyrke. Furu med høg alder (200 år og meir) og avslutta vekst gjev mykje kjerneved og til dels store dimensjonar. Det er slikt som vi treng til kyrkjetak. Lista over spesifikasjonar kan bli lang.