«Eg og fleire føler vi ikkje er anerkjende. Vi er ofte assistentar og vi som jobbar i skule blir skyfla rundt gjennom dagen. Vi er ikkje med på fellestid med lærarane og har ikkje plantid i verken skule eller sfo. Om bua (barne- og ungdomsarbeidar) ikkje lenger er «godt nok», at det fagbrevet ikkje har betydning anna enn at det må stå i utlysingstekst, kva er bra nok då?», skriv medlemmen.
I tillegg rettar medlemmen kritikk mot Fagforbundet og meiner det ikkje blir gjort nok for barne- og ungdomsarbeidarane. Medlemmet vurderer å gå over til eit konkurrerande forbund. Forfattaren av innlegget er anonym.
Delte meiningar
Debatten går livleg i tråden, der nokon kjenner seg igjen i å føle seg oversett. Medan andre har motsette erfaringar. Eit medlem skriv:
«Eg opplever at BUA har ein veg å gå før dei når igjen helsefagarbeidarar når det gjeld framsnakking og yrkesstolthet. Om ikkje det hadde vore for Fagforbundet hadde ikkje BUA eksistert».
Eit anna medlem som jobbar på skule svarar dette:
«Eg opplever det motsette, hos oss er BUA likestilt på linje med andre pedagogar med tanke på møtetid. Vi har også nødvendig plantid. Ca 2 timar full stilling møtetid på 3,5 timar i till


































































































