Forskerforum
02.01.2017
Du bør ikkje engasjere deg. Det kostar for mykje, og du vinn ikkje fram.
Dersom dette vert ein vanleg, og godt grunngjeven tankegang, er det eit alvorleg faresignal. Forskerforum skreiv i nr. 9 og 10/16 om ein viss resignasjon ved universitetet på Ås. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet hadde i fjor ein intens runde med diskusjonar og demonstrasjonar om ny organisering og styringsform. Kor mange fakultet skulle ein ha, og ikkje minst: Skulle ein ha tilsett eller framleis vald rektor? Engasjementet var stort, men toppstyringa var større. Og tilsett rektor vart det.
«Kvifor skal vi engasjere oss ekstra når vi ikkje blir høyrde eller respekterte? » Spørsmålet vart stilt av ein av dei intervjua i Forskerforum, professor Gaute Einevoll. Han var ein av dei som gjekk offentleg ut mot arbeidsgjevaren i spørsmålet om samanslåing av fakultet, fmen hadde ikkje noko anna att for det enn redusert motivasjon for å gjere noko
Gå til mediet«Kvifor skal vi engasjere oss ekstra når vi ikkje blir høyrde eller respekterte? » Spørsmålet vart stilt av ein av dei intervjua i Forskerforum, professor Gaute Einevoll. Han var ein av dei som gjekk offentleg ut mot arbeidsgjevaren i spørsmålet om samanslåing av fakultet, fmen hadde ikkje noko anna att for det enn redusert motivasjon for å gjere noko


































































































