AddToAny

FRÅ KYLLINGFJØS TIL OKSEFJØS

John Oskar Sæther vil satsa meir på storfekjøt og byter ut dagens kornproduksjon med grovfôrproduksjon.
Namdalseid er ei aktiv landbruksbygd i Namsos kommune, nord i Trøndelag. Like ved fylkesveg 17 mellom Korsen og Namdalseid sentrum ligg eit mjølkebruk med ein ung, positiv produsent. John Oskar Sæther overtok garden frå far sin i 2020. Han hadde då sjølv jobba nokre år i Felleskjøpet, men kjende det klødde i fingrane etter å ta over mjølkegarden heime. Far til John Oskar, Jørgen Sæther, ordna seg i same tida arbeid som i-mek-seljar for Felleskjøpet, og begge var nøgde med den nye kvardagen.

Byte kornproduksjon med grovfôrproduksjon
Far og farfar til John Oskar hadde gjennom si tid som drivarar kjøpt attåt to nabogardar. Garden består difor i dag av 850 dekar dyrka areal. - Av dette dyrkar vi om lag 200-250 dekar korn, og resten grovfôr, fortel John Oskar. Trass korndyrking har dei likevel eit overskot på grovfôr. - Siste åra har vi i tillegg seld rundt 100-200 rundballar. - Denne gode grovfôrsituasjonen er heilt sentral for at eg i dag vel å bygga om kyllingfjøset til oksefjøs. Framover ser han for seg at dagens kornproduksjon skal bytast heilt ut med grovfôrproduksjon. - Då treng vi berre ha ei mekaniseringslinje, noko som utelukkande er positivt.

Kufjøs - påbygd i fleire omgangar
Den eldste delen av kufjøset vart bygd i 1972. Det vart bygd til ein produksjon på 200.000 liter mjølk, med fullt påsett. John Oskar fortel at fjøset så vart bygd om frå båsfjøs til lausdrift i 1989. I 1996 skjedde det ei ulukke på garden, då eine veggen på møkakjellaren vart øydelagd. Då dei likevel skulle ordna dette, bestemte dei seg for å byggja på ei ny ungdyravdeling. I den forbindelse vart også det kjøpt inn kvote, så den vart på 260 000 liter. I ettertid er det vorte kjøpt inn ytterlegare 10 000 liter, og så er dei resterande 120 000 liter leigd. I 2014 vart det sett inn ro
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt