Bakgrunn: Halvparten av dei eldre med heimesjukepleie er underernærte eller står i fare for å bli det. Nasjonale faglege retningslinjer og Kosthandboka gir råd om korleis helsetenesta kan førebygge og behandle underernæring. Alle pasientar skal få kartlagt ernæringsstatus med jamne mellomrom. Utan gode kartleggingsrutinar kan det vere vanskeleg å oppdage underernæring. Tilsyn syner at kartleggingspraksis varierer frå kommune til kommune, trass i at sjukepleiaren har eit tydeleg ansvar for å kartlegge ernæringsstatus.
Føremål: Å få fram den gode løysinga som forenklar og systematiserer vurdering av ernæringsstatus.
Innhald: Mange eldre pasientar har eit samansett sjukdomsbilde som kompliserer vurderinga av ernæringsstatus. Det viser seg at korte pasientbesøk gjer det vanskeleg å prioriter


































































































