AddToAny

Forsking ved musea: Tilsett fryktar pengesekken blir låst til UH-sektoren

- Eg er skeptisk til at museumsmeldinga legg så stor vekt på tett samarbeid med UH-sektoren, seier Jorunn Jernsletten.
Mange har jubla over at forsking fekk såpass stor plass i stortingsmeldinga (Meld. St. 23), «Musea i samfunnet: Tillit, ting og tid». Ei av dei er professor Brita Brenna ved Universitetet i Oslo:

- Meldinga symboliserer at departementet vil styrke forsking ved musea framover. Dette er eit gjennomslag for alle dei som har arbeidd hardt for å betre vilkåra for forsking i musea, uttalte Brenna då meldinga kom. Ho leia forskingsutvalet som Kulturdepartementet sette ned i forkant av museumsmeldinga. Slik utvalet foreslo, vil departementet legge til rette for meir forskingssamarbeid mellom musea og Universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren).

Kulturdepartementet vil dei komande åra fase inn eit titals stipendiatstillingar til museumsforsking, med tilråding om at desse vert knytte til relevante forskarskular for museumsforsking. Departementet vil også innrette ei søknadsbasert ordning for finansiering av museumsforsking. Ordninga skal rettast mot samarbeidsprosjekt mellom forskarar i museumssektoren og UH-sektoren.

Mange museum strevar med å innfri forventningane til Kulturdepartementet på forskingsområdet, og det har vore omdiskutert om alle museum skal forske. Men museumsmeldinga er krystallklar: «Kulturdepartementet legg til grunn at alle museum med driftstilskott frå departementet legg til rette for, og sjølve utfører, forsking.»

- Blir ikkje likeverdige

Også Jorunn Jernsletten, som er leiar i seksjon for forsking i Museumsforbundet, er glad museumsmeldinga slår fast at musea under Kulturdepartementet skal forske.

- Men eg er skeptisk til at meldinga legg så stor vekt på tett samarbeid med UH-sektoren, seier Jernsletten, som er tilsett ved Varanger samiske museum.

I eit tidlegare debattinnlegg, som heile styret i forskingsseksjonen i Museumsforbundet står bak, heiter det: «Et ensidig fokus på at samarbeid med UH-sektoren er det som skal til for å løfte forskningen i museene, kan i verste fall forsterke skjevheten i stedet for å jevne den ut.»

Jernsletten forklarer nærare:

- Mange museumstilsette har erfart at dei ikkje blir likeverdige i samarbeidsprosjekt med forskarar i UH-sektoren. Dessutan fører strenge kriterium frå Forskingsrådet til at museum som ikkje er godkjende forskingsinstitusjonar, ikkje kan stå som formell partnar.

- Musea må vere i førarsetet

Jernsletten meiner det er urovekkande om heile pengesekken blir låst til UH-sektoren.

- Det kjennest ikkje bra om musea er nøydde til å bruke UH-sektoren som alibi slik at universiteta skal søke midlar for oss. Det er musea som sjølve må vere i førarsetet for søknadsprosessen, meiner ho.

Ho er oppteken av at mange museum samarbeider med museumsinstitusjonar i utlandet.

- På mange museumsfelt er det internasjonale miljø som er naturlege samarbeidspartnarar, ikkje den norske UH-sektoren. Då blir det feil at denne sektoren skal vere einaste inngangsporten til forskingsmidlane, seier ho.

Image-text:

- Eg er glad museumsmeldinga slår fast at musea skal forske. Men det blir feil når UH-sektoren blir einaste porten inn til forskingsmidlane for musea, seier Jorunn Jernsletten. Foto: Jonas Johnsen

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt