AddToAny

Forskerforbundet møtte UiO i Høgsterett

Forskerforbundet møtte UiO i Høgsterett
Kan ein oppsagt forskar få fortrinnsrett til ei stilling som førsteamanuensis? Det skal Høgsterett no avgjere.
- Det er ikkje rettsleg grunnlag for å seie at ei førsteamanuensstilling er ei høgare rangert stilling enn ei forskarstilling, uttalte advokat Mariann Helen Olsen i Forskerforbundet i gårsdagens rettssak mot staten i Høgsterett.

Høgare rangert?

Olsen representerer ein oppsagt forskar ved Universitetet i Oslo (UiO), som tidlegare har vunne fram i Borgarting lagmannsrett, etter først å ha tapt i tingretten. Lagmannsretten konkluderte med at forskaren var å betrakte som fast tilsett, og retten kom også til at han hadde fortrinnsrett på ledige professor- eller førsteamanuensisstillingar.

UiO anka saka, men Høgsterett godtok berre delar av anken. Høgsterett ville berre ta stilling til det prinsipielle spørsmålet om fortrinnsrett.

UiO ved regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig bad om at lagmannsrettens dom må bli oppheva. Ho prosederte overfor Høgsterett at ei stilling som førsteamanuensis utgjer eit avansement for ein forskar.

- Ei førsteamanuensisstilling blir oppfatta å vere ei høgare rangert stilling enn ei rein forskarstilling, sa Stenwig, og viste til at ein tilsett ikkje kan krevje fortrinnsrett til ei stilling som er høgare lønna.

- Statens oppfatning er at førsteamanuensis og forskar ikkje er likeverdige, men to klart ulike stillingskategoriar, sa Stenwig.

- Likeverdige stillingar

Advokat Olsen viste på si side til at reine forskarstillingar og førsteamanuensis- og professorstillingar er to identiske karriereløp, som begge endar opp i vitskaplege toppstillingar. Ifølgje Olsen er det ikkje grunnlag for å seie at ei stilling som førsteamanuensis ikkje er passande for ein tilsett i forskarstilling, så sant forskaren fyller alle kvalitetskrava til stillinga.

- Kompetansekravet og lønnsnivået er det same, noko som tilseier at desse stillingane er likeverdige. I dette tilfellet har forskaren drive både med forsking, undervisning, rettleiing og administrasjon, sa Olsen.

- Ikkje imot stillingsvern

Eit spørsmål er også om omsynet til den tilsette er viktigare enn omsynet til arbeidsgjevar. Avgjerda i lagmannsretten la vekt på at stillingsvernet til den tilsette i dette tilfellet vog tyngre enn universitetets rett til å velje å tilsetje betre kvalifiserte.

- Det som går att i dei skriftlege erklæringane som er lagt fram frå staten si side er at UiO eigentleg er imot fortrinnsretten generelt. Ein vil ha inn at ein uansett skal konkurrere om ei stilling, sa Olsen.

- Det er eit ubestridelig faktum at fortrinnsrett svekker konkurransen og kvalifikasjonsprinsippet. Det å påpeike dette er ikkje det same som å vere imot stillingsvern. Det er kostnaden ved å ha eit stillingsvern, repliserte advokat Stenwig.

Dom i saka er ikkje venta før om nokre veker.

Forskerforbundet ved Mariann Helen Olsen (t.v.) møtte Universitetet i Oslo ved regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig (t.h.) i Høgsterett torsdag 3. november i saka om fortrinnsrett for forskarar. Foto: Johanne Landsverk

Foto: Johanne Landsverk

Fakta

Forskar er ei generell nemning, men kan vere ein særskild stillingskode der primæroppgåvene er reine forskaroppgåver.

Førsteamanuensis er ei såkalla kombinert stilling, som inneber både forskings- og undervisningsoppgåver. Stillinga er fagleg rangert under professor.

Professor er den høgste rangerte faglege stillinga ved universitet og høgskular, som til liks med førsteamanuensis inneber både forskings- og undervisningsoppgåver.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt