rådgiver En artikkel fra Universitetet i Stavanger
Kystvaktfartøyet KV Svalbard var nyleg arbeidsplass og heim for ei gruppe forskarar som prøver å finna svar på kva som skal til for å overleva eit skipshavari i Arktis.
- Cruisetrafikken i nordområda har auka sterkt dei siste åra og eit større havari i farvatnet rundt Svalbard er ikkje eit utenkeleg scenario, seier professor Ove Tobias Gudmestad ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO (International Maritime Association) har som mål at passasjerar skal kunna overleva i minst fem dagar på sjøen eller på isen ved hjelp av redningsutstyr som skal finnast om bord på cruiseskipet.
- Det er den tida det vil ta å nå fram til havaristen med tilstr