AddToAny

FORSØK MED GJENBRUKT UREA SOM GJØDSEL I ENG

Urea blir nytta ved produksjon av fiskeoljar og til menneskemat. Her sit ein att med eit reststoff som inneheld urea, og årleg blir det produsert meir enn 1 400 tonn tørt reststoff i Noreg. Kan dette blandast i blautgjødsel og spreiast på eng?
Urea er ein mykje nytta nitrogengjødsel i mange land. Urea G, eit reststoff frå fiskeoljeproduksjon, inneheld tilnærma 31 prosent nitrogen (N). I tillegg finst 20 prosent fiskeoljar, litt alkoholar, med meir. Fire forsøk på Godøya åra 20202023 var lovande. Samstundes blir det understreka at god utnytting av Urea G krev rett framgangsmåte.

Kan oppnå nær same avling som anna N-gjødsel
Ved tilsetting av ekstra svovel og ureasehemmar er det mogleg å oppnå nær same avling som med andre typar N-gjødsel. Urea bør blandast i blautgjødsla kort tid før spreiing. Ekstra svovel (S) er tilført som lett tilgjengeleg «sulfat». I 2022-2023 vart det også nytta konsentrert «elementært svovel», både granulert og finmale. Resultat frå 2020-2022 finst i Buskap 2, 2023 (sjå buskap.no->søk: Urea frå fiskeolje-industrien som gjødsel i eng).

Oppsummering forsøk 2020-2022
Aukande mengde Urea G i blautgjødsel gav auka avling. Som venta var det positivt utslag for tilsetting av ekstra svovel, i form av kiseritt eller svovelhaldig N-gjødsel. Tilsetting av ureasehemmar ved spreiing auka utnyttinga av N i Urea. Rein fiskeolje blanda i vatn, førte ikkje til veksthemming. Fiskeoljen i Urea G hemmar neppe plantane. Stripespreiing gav tilnærma same avling som breispreiing.
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt