Utdanning
07.12.2018
Overskrifta skulle kanskje ikkje tilseie at ungdom strøymer til folkehøgskulane som aldri før. Men vi er ei «førstegongsteneste» i livskunnskap, og vi er blitt viktigare enn nokon gong.
I skuleåret 2017-2018 gjekk 7500 elevar på folkehøgskule i Noreg. I inneverande år er talet auka til 7700. Stadig fleire ungdommar søkjer til dette skuleslaget. Ungdom i aldersgruppa 18-22 år er på ei reise til det kontinentet som heiter «vaksenverda». Her skal dei vere resten av livet. Til liks med alle store ekspedisjonar, er det smart å førebu seg. Pensjonsalderen i Noreg er 72 år. Ungdomane har om lag 50 år framfor seg i rolla som student, lærling, arbeidstakar og sjølvstendig vaksen. Difor er eit år på folkehøgskule ei av dei beste investeringane ungdom kan gjere.
Viktigare enn før
Mange av dei jobbane våre besteforeldre hadde, er borte. Dagens ungdom vil oppleve at tusenvis av jobbar som foreldra hadde, er borte når dei er klare til innsats i arbeidslivet. Det er grunn til å tru at robotar og automatisering vil erstatte hundretusenvis av arbeidsplassar i Noreg i løpet av ein rimeleg kort tidshorisont. Færre vil truleg få arbeid. Eit liv utan arbeid er ei dyster framtid. I Spania, Hellas og Italia er allereie arbeidsløysa blant ungdom 40-50 prosent. Det er trist å ikkje ha noko å fylle livet med. På folkehøgskul
Gå til medietViktigare enn før