Norsk Landbruk
23.06.2022
Rykta sa at ammekubønder gav opp, men det har blitt fleire ammekyr, og litt færre mjølkekyr, det siste året.
Mange trudde det var ein aprilspøk då den profilerte ammekubonden Kristian Hovde, fortalde Norsk Landbruk at han hadde meldt heile bølinga til slakt i juni. På Tynset og mange andre stader følgde andre ammekubønder opp. Dei sende eit sterkt signal inn til partane som skulle leggje fram krav og tilbod i jordbruksforhandlingane få veker seinare.
Men heilt sidan landbruket la fram kravet i jordbruksforhandlingane i 2021, har det gått rykte om at mange ammekubønder ville gi opp og slakte ut heile