Forskerforum
06.06.2016
I ein redaksjon kan det bli mange e-postar å ta stilling til i løpet av ein dag. Men innimellom er det noko som skil seg ut.
«Med dette inviterer vi til todagarskurset SHINY UNICORNS (Skikkeleg god Hjelp med akronym som sIkrar deg forskiNgsmidlar, siteringar, nobelprisnominasjonar og Ynvitasjonar til gjesteforskaropphald ved UNIversitet som både ligg på topp ı0 på The Times Higher EduCation si rankingliste og på same tid ligg på Bali, frå nO av og fRam til peNSjonsalder) i våre lokale på Lysaker. »
Ring, ring.
- Du er komen til eit ikkje nærare spesifisert norsk forskingsforvaltingsorgan, kva kan eg hjelpe deg med?