Denne uheldige praksisen har i liten grad vore emne for diskusjon og kritikk. Det var difor med glede eg las redaktør Odd Letnes sin artikkel Glem Facebook, sats på egne hjemmesider, frå desember i fjor.Her tek Letnes eit klart og prinsipielt oppgjer med bruken av Facebook i biblioteka; han peiker på den skarpe motsetnaden mellom samfunnskontrakten til biblioteka og det hemningslause jaget etter pengar som styrer Facebook. Han etterlyser eit oppgjer i biblioteka mot pengemaskinen Facebook. Før eg går vidare vil eg minne om samfunnskontrakten til biblioteka slik den er formulert i Bibliotekloven, 1: «Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.» Fremje opplysning og kultur, vere ein uavhengig møteplass. Eg skal i denne artikkelen følgje opp det redaktøren skriv og legge til nokre nye moment i kritikken. Så vil eg problematisere praksisen at biblioteka nyttar Facebook som kontaktflate mot publikum. Eg vil tipse om nokre grep som biblioteka kan - og etter mitt syn bør - gjere om dei framleis ei tid vil nytte Facebook. Vidare, korleis er det med overvaking og


































































































