HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.
Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i kunst og handverk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett frå 01.08.2021.
Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Stord.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor- og masterutdanning og innanfor etter- og vidareutdanning. I tillegg kjem vedlikehald av verkstader.
Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga
Kvalifikasjonar:
Kriterium for tilsetting i undervisning- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad innan fagområdet kunst og handverk eller innanfor eit område med relevans for kunst og handverk. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
Søkar må kunne undervise på verkstad i minst eit av områda: bilde (teikning, grafikk, maling), tre, keramikk, tekstil, foto og digital bildebehandling eller animasjon og videoredigering. I tillegg må søkar ha fagdidaktisk kompetanse i kunst og handverk eller kunst og formkultur.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
Internasjonal erfaring
Erfaring frå formidling av samtidskunst, digital undervisning samt arbeid med digitale uttrykks- og formidlingsformer.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar til 100% stilling, kan det vere mogleg å tilsette i delstilling dersom det er kvalifiserte søkarar som ønskjer dette. Dette må då kome tydeleg fram i søknaden.
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.
Utdanningsfagleg kompetanse:
For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterium for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.
For stilling som førstelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.
Sakkunnig vurdering:
Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka Søk stillinga på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfrist. Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er algt inn innan fristen, det vere seg:
vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
fullstendig publikasjonsliste
attestar og vitnemål
dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.
Om vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller legjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/1198 - førstelektor.
Frå løna vil det verte trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova kan opplysningar om søkaren verte gjort offentleg sjølv om søkjar har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil verte varsla om førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert tatt til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere persona med minioritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Søk stillinga
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Assisterande instituttleiar Hege Gjerde Sviggum, tlf.: 57 67 60 56, e-post:Hege.Gjerde.Sviggum@hvl.no
2) Fagkoordinator Kjetil Sømoe, tlf.: 53 49 14 64, e-post: Kjetil.Somoe@hvl.no
Samspel, bærekraft og nyskaping
Samspel, bærekraft og nyskaping skal kjennetegne alt vi gjer.
Vi skal bli et universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.


































































































