AddToAny

Fôrplanlegging til oksar

Fôrplanlegging til oksar
Dei nye satsane for kvalitetstilskottet tilseier å satse på litt tyngre slakt, spesielt for dei som frå før ligg under 300 kg slaktevekt i middel.
Framfôring av oksar må ha som mål å gje slaktemodne oksar utan mykje fett. Dette kan vi oppnå ved nokså varierande slaktevekter. Norsk middel i 2015 var 306 kg slaktevekt ved 17,4 månaders slaktealder. Som tabell 1 viser har tilvekst og slaktevekt auka betydleg i løpet av dei 10-12 siste åra, men samtidig blir det meir fettrekk på oksane.



Set mål for oksane Fôrplanlegginga må ta utgangspunkt i bondens mål. Valg av slaktealder og -vekt er avhengig av fjøsplass, tilgang på kalv og grovfôrgrunnlag. Dess betre grovfôrgrunnlag og fjøsplass og dess dårlegare tilgangen på fôringskalv er, dess meir aktuelt er det å fôre oksane tunge og med høg grovfôrandel. Nå får vi 4 kr/kg i kvalitetstilskott for klasse O og betre. Frå 1.januar 2017 blir det redusert til 3 kr i klasse O og auka til 7 kr for O+ og betre. Animalia-statistikk viser høgare EUROP-klasse ved aukande slaktevekter. I 2015 var ung okse klasse O+ i middel 324,4 kg slaktevekt mot berre 294,1 kg i klasse O. Sjå figur 1. Noko av årsaken kan vera meir kjøttfe blant O+-oksane. Av alle slakt i Ung okse i 2015 var cirka 28 prosent i fettgruppe 3-(lågaste trekk), 16 prosent i fettgruppe 3 og 6 prosent i 3+ og oppover. Middel slaktevekt i sistnevnte fettgruppe var 347 kg, mot 311 kg for oksar i fettgruppene 2, 2+, 3- og 3. Sjølv om det går meir fôr per kg slakt og risikoen for fettrekk aukar tilseier dei nye satsane for kvalitetstilskottet å satse på litt tyngre slakt, spesielt for dei som frå før ligg under 300 kg slaktevekt i middel.



Kor mykje kraftfôr treng oksane?

I tabell 2 er vist berekna fôrforbruk i OptiFôr Ungdyr med tre grovfôrkvalitetar. Kraftfôret hadde 7,01 MJ NEL /kg tørrstoff. 20 Forutsatt fri tilgang på energirikt surfôr med vellykka gjæring kan oksane oppnå bra tilvekst med svært lite kraftfôr. Kalvane må få ein god start - fylg tilrådingane i brosjyra «Godt kalveoppdrett». Gje kraftfôr tilnærma etter etelyst (unngå laus avføring) til rundt tre månaders alder, for så å trappe gradvis ned til null ved eitt års alder. NorFor-planane i tabell 2 stemmer bra med forsøksresultata i «Mer og bedre grovfôr»-prosjektet med Åshild Taksdal Randby i spissen for nokre år sidan. Oksar vart fôra med tre ulike grovfôrkvalitetar, den beste var enda meir energirik enn «høg» i tabell 2. Halvparten av oksane fekk ikkje kraftfôr etter 7-8 månaders alder, medan den andre halvparten fekk 2 kg fram til 385 kg levandevekt, så 3 kg til dei vog 500 kg og 4 kg kraftfôr fram til slakting. Kraftfôrskalaen var lik for alle grovfôrkvalitetane. I kalveperioda fekk alle opptrapping ti
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt