Norsk Landbruk
23.06.2022
I Åseral er André Breilid ein av mange storfebønder som har søkt kommunen om støtte til å kjøpe Nofence-klavar. I alt er det søkt om klavar til 288 ammekyr, samt nokre til sauer.
Kommunen ønskjer å stimulere til auka beiting og har lova å dekke opptil 70 prosent av investeringa, og det freista den unge sørlandsbonden.
Gå til mediet- Å bruke Nofence vil gjere det lettare for oss som driv, for det blir mindre gjerding, meir kontroll og lettare å sleppe dyr på heia. Eg synest det var veldig bra av kommunen å sponse Nofence-klavar, og det var fleire i Åseral som takka ja til det tilbodet, fortel 1999-modellen, som for tida er opptatt med husbygging.
Dessverre har pandemien gjort at Nofence har leveringsproblem, slik at angusane til Breilid ikkje kan utstyrast med dei elektroniske klavane før tidlegast til neste år, men då er målet å sleppe dyra på heia innanfor digitale gjerder.
André Breilid er eit av medlemmene i biffringen Agder Angus, som Norsk Landbr