AddToAny

- Etter grunnlova er desse områda ein integrert del av den russiske føderasjonen

Albina Krymskaja og Viktor Mutev utdannar framtidige bibliotekarar i St. Petersburg og har tillitsverv i IFLA. Når Bok & bibliotek møter dei under WLIC 2025, forsvarar dei at den russiske bibliotekforeininga innlemar ukrainske bibliotek på okkuperte område.
? ? Arven etter Pusjkin: I utgåve 2/25 av Bok & bibliotek fortalde biblioteksjef Lyubov Dubrovina ved nasjonalbiblioteket Vernadsky i Kyiv at dei hadde dekt til statuane av klassiske forfattarar som blei sett som symbol på russisk imperialisme (bilde 1). Pusjkin, derimot, var så nedlatande mot ukrainarar at det ikkje heldt med tildekking - han var flytta ned i kjellaren. Men då Bok & bibliotek var på omvising på barnebiblioteket i den russisktalande bydelen Almaty i Astana, Kasakhstan dukka Pusjkin opp att, denne gongen med heidersplass på kontoret (bilde 2).
Foto: Åke Ericson / Arne Olav Hageberg

På verdskongressen til IFLA, WLIC 2025 i Astana, Kazakhstan, møter vi Albina Krymskaya og Viktor Mutev. Begge er førsteamanuensar ved St. Petersburg statlege kulturuniversitet sitt Institutt for bibliotek- og informasjonsvitskap. Krymskaya er dessutan visedekan same stad.
Begge har verv i IFLA. Albina Krymskaya har nett fått attval som leiar for Education and Training Section, medan Mutev er sekretær for News Media Section. Han leier også eit IFLA-prosjekt som skal undersøka news literacy, eller nyhendekompetanse - altså folk si evne til å finna, vurdera, tolka og bruka nyheitsinformasjon på ein kritisk og medviten måte, skilja mellom truverdige kjelder og feilinformasjon, forstå kva haldningar eller interesser som kan liggja bak ei sak, og reflektera over korleis vi blir påverka av nyheitene.
Apropos nyheiter: Den 30. april publiserte den russiske bibliotekforeininga på heimesida si at vedtak var gjort om å ta opp nye medlemmar: bibliotek i byane Jakymivka, Melitopol, Vedmezhe, Mariupol, Novoazovsk, Khartsyzk og Dovzjansk.
Desse byane ligg i Ukraina, på område som Russland okkuperer.
Ifølgje svenske Biblioteksbladet finst det fleire døme på at den russiske bibliotekforeininga støttar Russland sin angrepskrig på Ukraina, mellom anna dokumentert i ei ni sider lang fråsegn som den ukrainske bibliotekforeininga sende til IFLA i oktober i fjor. Det russiske nasjonalbiblioteket, der direktøren òg er leiar for den russiske bibliotekforeininga, har inngått avtale med ein militær organisasjon som deltek i fullskalainvasjonen av Ukraina. Biblioteket har arrangert tilstellingar der inntektene vart donerte til denne krigføringa. Nestleiaren i foreininga har også uttalt seg om «ukrainske fascistar» og sett i gang ein kampanje som propagerer for Russlands krig, skriv Biblioteksbladet.
Den ukrainske bibliotekforeininga har
Gå til mediet

Flere saker fra Bok og bibliotek

redaktør i bok & bibliotek Tysdag 14.
Bok og bibliotek 27.05.2026
Kommunekommisjonen skal foreslå endringer i statens styring av kommunesektoren. Et av forslagene er å avvikle 22 øremerkede tilskudd og heller legge midlene inn i kommunesektorens rammetilskudd.
Bok og bibliotek 27.05.2026
Redaktør Eg såg mykje stygt under BIBSYS-konferansen 2026. Eg blei rett og slett litt sjokkert. Eg trudde ærleg tala at bibliotekarar visste betre.
Bok og bibliotek 27.05.2026
redaktør i bok & bibliotek No og då er det ekstra fint å ha minne frå barndomen om ei mor som song Ivar Aasen på kjøkenet: «Til Lags aat alle kann
Bok og bibliotek 27.05.2026
Det trenger det ikke å være. Skolebibliotek må ikke sultefôres. Det finnes de som ligner på folkebiblioteket i en mellomstor kommune. Besøker skolebiblioteket hver uke
Bok og bibliotek 27.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt