Redaktør, Uniforum
Over 1000 personar hadde meldt seg på Cutting Edge-festivalen i Forskingsparken i går. Den viser fram nye idear, teknologiske nyvinningar og innovasjon som er baserte på forsking og utvikling. Både førarlause bilar, robotar og antibiotikaresistens er mellom fleire tema som blir tatt opp under festivalen.
- Fantastisk
Statsminister Erna Solberg opna festivalen og la ikkje skjul på at forsking og vitskap var noko som ho hadde stor interesse for:
- Det er fantastisk å sjå alle oppfinningar og oppstartsselskap som kjem ut av forskargruppene våre. Det gjer meg overtydd om at det er her me vil finna ein del av løysinga på framtidas verdiskaping i Noreg, sa Erna Solberg.
- Vil finna svar på dei viktigaste utfordringane
Ho var svært glad for at det finst ein slik festival om forsking og teknologi, som er blant favoritt-temaene hennar.
- Innovasjon og teknologi og vitskap vil finna svara på nokre av dei viktigaste utfordringane innanfor helse, klima og miljø, matindustrien og transportsektoren. Det skjer mange gjennombrot. Mange av nyvinningane vil gi oss betre livskvalitet utan å vera helsefarlege. I helsesektoren har ny teknolo


































































































