AddToAny

Er Unio-samarbeidet med Akademikerne eit adjø til solidaritet? Det er snarare eit velkomen til pragmatisme.

At utdanning skal løne seg, må vere det minst omstridde i Forskerforbundet.
Som forbundsleiinga har innprenta dei siste månadene: Utdanningsgruppene i staten tapar på to frontar - både i høve til statstilsette med lågare utdanning og til høgt utdanna i privat sektor. Korleis når ein best desse måla?

Dei fyrste ymta kom etter lønsoppgjeret i fjor. Guro Elisabeth Lind, leiar av Forskerforbundet og hovudsamanslutninga Unio stat, sa til Forskerforum: «Det er ikke noen hemmelighet at vi har fått lite drahjelp av våre samarbeidspartnere i dette oppgjøret.» Ho utdjupa: «Vi hadde jo et uttalt mål om reallønnsøkning til alle. Også dem med lengst utdanning. Og det har vi ikke fått noen drahjelp til i dette oppgjøret. Snarere tvert imot.»

Lind var misnøgd med lågtlønsprofilen i oppgjeret, som trefte LO- og YS-medlemmene betre enn Unio-medlemmene, som jamt over har lengre utdanning. Forskerforbundet og Unio stat opna for å samarbeide om ein felles tariffavtale med Akademikerne i staden for LO og YS. Hovudskilnaden er at Akademikerne fordeler all løn lokalt, medan avtalen for dei tre andre har hatt ein kombinasjon av sentrale og lokale tillegg. Staten har elles over tid prøvd å vri lønsdanninga over til å verte lokal. Mellom anna har dei sentrale justeringane - som kunne heve spesielle stillingsgrupper - forsvunne heilt.

Då lønsoppgjeret starta i vår, var samarbeidet mellom Unio og Akademikerne eit faktum. Nyorienteringa har vekt engasjement på båe sider. Bakteppet er mellom anna at Forskerforbundet i 2005 melde seg ut av nettopp Akademikerne for å vere med på stiftinga av Unio i staden. Hovudargumentet var ulikt syn på lønspolitikk i offentleg sektor og ein standhaftig vilje til eit stort innslag av sentral lønsdanning. Valet vekkjer kjensler og tangerer - minst - ideologiske spørsmål. Kor differensiert skal lønsutviklinga vere?

«Om vi støtter at de langtidsutdannede skal få høyere lønn og hente inn etterslepet? Ja, det støtter vi.» Dette var det kontante svaret frå Belinda Eikås Skjøstad, hovudtillitsvald ved Universitetet i Oslo, då Forskerforum lodda stemninga. Mange av dei største lokallaga vi fekk i tale har slutta opp om den nye samarbeidspartnaren og dermed lokal lønsdanning. Jo Rune Ugulen Kristiansen, hovudtillitsvald i Arkivverket, kan målbere motstanden: «Blant mine medlemmer er motstanden unison. Vi frykter at det vil medføre økte lønnsforskjeller, mer trynefaktor og at vi i praksis gir fra oss streikeretten. Jeg er sterk motstander.»

Sikkert er iallfall at streikeretten gjeld berre på det sentrale forhandlingsresultatet - ikkje på utfallet av dei lokale forhandlingane.

Kan vi vente oss større lønsskilnader i gruppene Forskerforbundet organiserer? Ikkje nødvendigvis. Forskerforum har gått gjennom protokollane frå lønsoppgjeret ved dei fem største universiteta i fjor. Den gongen var altså Forskerforbundet del av avtalen Unio, LO og YS saman hadde med staten. Det generelle tillegget i denne avtalen var på 1,4 prosent. Akademikerne, som forhandla alt lokalt, brukte jamt over ein større del av potten til generelt tillegg. NTNU var unntaket med 1,2 prosent til generelt tillegg. Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Oslomet låg alle på minst 1,5 prosent i generelt tillegg, og UiT Noregs arktiske universitet var oppe i 2,3 prosent i generelt tillegg pluss eit kronetillegg til alle i full stilling.

No er fasiten på plass. Ikkje om valet var strategisk eller ideologisk rett, heller ikkje om korleis nyorienteringa vil slå ut over tid. Men vi veit at ramma i offentleg sektor vart på 3,84 prosent, så vidt over frontfaget der ramma var på 3,7. Dermed har dei langtidsutdanna i staten teke iallfall eit lite steg for å nærme seg privat sektor. Korleis oppgjeret vil slå ut for den enkelte, veit vi ikkje før dei lokale oppgjera er gjort unna.

Les meir om lønsoppgjeret på Forskerforum.no. Neste blad kjem ut i starten av september. God sommar!

Image-text:

Leder av Unio Stat og Forskerforbundet Guro Elisabeth Lind (t.v.) og leder av Akademikerne Kari Tønnessen Nordli. Foto: Julia Loge

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Lærerutdanningene taper 'markedsandel' i søkermassen, skriver Karl Øyvind Jordell, som har gått inn i tallene fra suppleringsopptaket.
Forskerforum 03.08.2022
Vil møte konkurranse fra Kina med storsatsing på teknologi og innovasjon.
Forskerforum 02.08.2022
CMI has one vacant Senior Researcher position Deadline: CMI invites engaged, entrepreneurial, and academically strong researchers to apply.
Forskerforum 01.08.2022
Fuskesaken er som en NAV-sak, men ved et universitet, skriver Karl Øyvind Jordell.
Forskerforum 01.08.2022
Jeg savner tida da Inspera, Leganto, TimeEdit, Unit, Visma, Wiseflow, Workplan ikke fantes. Da den såkalte ABE-reformen ikke fantes, skriver professor Tony Burner i dette hjertesukket i diktform.
Forskerforum 01.08.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt