forsker, Vestlandsforsking
Analyser av miljøkonsekvensar av kommunesamanslåing har så langt glimra med sitt fråvær. Det var også tilfellet førre gong kommunesamanslåing vart diskutert.
Eitt unntak var ei utgreiing for Kommunenes Sentralforbund i 2003 med eksempel frå tre kommune-case: Nordfjordregionen, Ålesundregionen og nye Fredrikstad kommune.
I mangel av nye analyser kan det vere verdt å dra fram denne for å vurdere om konklusjonen framleis held mål: at samanslåing kan vere dårleg for miljøet.
Flytting, ikkje sparing av transport
Dei økonomiske innsparingane av kommunesamanslåing som hadde vore framme i debatten, mellom anna med tilvising av analysar gjort av Statistisk Sentralbyrå, gjaldt i stor grad innsparingar frå reduksjonar i transporten utført i arbeidstida av kommunetilsette (til dømes køyring i heimehjelptenesta). Innsparinga skuldast samanslåingar av institusjonar innan helse, skule, barnehage og eldreomsorg.
Våre analyser tyda på at innsparing i den interne transporten truleg ville føre til ei tilsvarande auke transporten utført utanfor arbeidstida, av innbyggjarane i kommunen, til dømes levering av ungar i barnehagen. Det var altså ikkje tale om ei innsparing, men flytting av transportkostnadar frå kommunale budsjett til private hushald.
Denne overordna konklusjonen blir eksemplifisert mellom anna på følgjande måte i rapporten frå 2003:
Ved samanslåing av legesentra i ein kommune vil dei innbyggjarane som blir har


































































































