Norsk Skogbruk
24.05.2024
Me er inne i det grøne skiftet om me likar det eller ikkje. Skal nye prosjekt eller tiltak presenterast, er det om å gjera å få fram eventuell grønfarge. Fantasien er stor.
Dette er mest tydeleg når det gjeld energi. Her skal me bort frå dei fossile kjeldene, dei svarte, over til fornybare av fleire slag. Også innan til dømes råstoff er det aktuelt å ta i bruk fornybart, grønt karbon til erstatning for det fossile. Det ser ut til at ingen spør etter grønt karbon, og det verkar som om skognæringa er heilt passiv på tilbodssida. Det er meir enn underleg.
MINST TO FUNKSJONAR I DET GRØNE SKIFTET
I heile livsfasen til trea syter fotosyntesen for at karbon blir teke frå lufta, der det er for mykje av denne gassen, og lagra i stamme, bork, rot, greiner, lauv og bar og i jordbotnen etter strøfall. Det som veks over jorda, er lagra i levande form i trea si levetid, mykje av stokken vesentleg lenger i form av t.d. bygningar. Strøet har eit langt liv i jordbotnen. Utpust av oksygen er viktig for all forbrenning.
Hovudproduktet for ein skogbrukar, tømmerstokken, som me får betaling for, kan difor seiast å vere luftrensefilteret i naturen. Rensefilter er oftast fulle av ureining og må handterast som spesialavfall. I dette tilfellet er det ikkje slik, tømmerstokken er fullt av energi og grønt karbon og er både avansert råstoff og energikjelde. I veksttida er skogen luftrensar, og produktet er grønt karbon.
SKOGRESSURSANE
Skogressursane har bygd seg opp i landet, til ei tredobling i løpet av dei siste hundre åra. Dersom eg tek rolla som sjølvgod skogbrukar, kan eg seie at det er eit godt planlagt løp for å stå klar med forn
Gå til medietMINST TO FUNKSJONAR I DET GRØNE SKIFTET