I etterkant av årets Norway Cup vart kronikken om breddefotballens skuggeside delt i sosiale media av mange med eigne erfaringar som likna den til kronikkforfattaren.
Me vil utfordre kommunane til å kjenne si vitjingstid og stå saman med idretten og utdannningsinstitusjonane for å sikre trygge og utviklande møtestader for born og unge.
Ved USN har me drive trenarutdanning på universitets- og høgskulenivå i over 20 år, og me får kvart år liknande historier frå våre studenter. Historier om den fantastiske idretten som ein har en stor lidenskap for, men der det ikkje var plass til heilt middelmådige eigenskapar og ambisjonar. Der det heller ikkje var tålmodighet eller nysgjerrighet for å vente på «late bloomers».
Støttande trenarskap gir idrettsleg og personleg utvikling
I ei verd der fleire studiar viser auke i mentale helseplager, einsemd og utanforskap blant born og unge, er idrett e