Norsk Skogbruk
15.12.2023
Joar Espedal fra Flekke i Fjaler kommune har sendt Norsk Skogbruk en historie om sin far, som var ansatt i Statskog som skogvokter under krigen. Han overtok jobben i 1931 etter sin far som hadde vært skogvokter siden 1898. Historien begynner med en liten gutt som i 1944 ser sin far komme inn på tunet med tre mann bak seg:
Eg såg så vel kva det var og eg følte meg heilt stiv. Ropet som var på veg ut, stoppa liksom i eit stort ope hol. Eg kom meg omsider opp og sprang over tunet og inn til mor. Då kom lyden ut i eit gaul: Dei har teke pappa! Eg var visst heilt forstyrra, som dei sa. Mor tok meg i handa og inn i stua til besta. På vegen ut att kjem far i utedøra: - Eg må inn og skriva ein rapport.
Mor sette seg ved kjøkkenbordet og eg sat i fanget til besta i gyngestolen. Me hadde ikkje elektrisk lys då, og far tukla med den store parafinlampa og tende den. Det store stovebordet var rett under lampa. Så var han bort til eit lite skatoll, låste opp og sette fram blekk og penn og ei skogvokterdagbok.
Mor fortalte at ho sat på kjøkkenet og skolv som eit ospelauv. Ved bordet i stova satt Grønland, den nye skogforvaltaren og far. Bak dei sto majoren og fenriken i full mundur med våpen på hofta. Det var heilt grufullt, sa mor mi.
Gå til medietMor sette seg ved kjøkkenbordet og eg sat i fanget til besta i gyngestolen. Me hadde ikkje elektrisk lys då, og far tukla med den store parafinlampa og tende den. Det store stovebordet var rett under lampa. Så var han bort til eit lite skatoll, låste opp og sette fram blekk og penn og ei skogvokterdagbok.
Mor fortalte at ho sat på kjøkkenet og skolv som eit ospelauv. Ved bordet i stova satt Grønland, den nye skogforvaltaren og far. Bak dei sto majoren og fenriken i full mundur med våpen på hofta. Det var heilt grufullt, sa mor mi.


































































































