Forskerforum
28.11.2016
Ikkje er det 8. mars, og 134-årsjubileum vert sjeldan markerte. Like fullt har det ein verdi å trekkje fram dette biletet frå 1882 av Noregs fyrste kvinnelege student, Cecilie Thoresen (1858-1911).
Motivet er frå immatrikuleringa i festsalen til Universitetet i Oslo i Karl Johans gate. Thoresen var òg den fyrste kvinna som tok examen artium, og på denne tida hadde ikkje kvinner lov til å studere ved norske universitet.
Gå til mediet


































































































