I starten i 2008 hadde medlemmene ansvar for samdriftsfjøset ei veke kvar, men dei erfarte fort at det var ein dårleg idé med omstilling heile tida.
Eli Sjåstad (43), eitt av medlemmene, blei tilsett som dagleg leiar. Det nye fjøset heitte Klara og var ein nøkkelferdig leveranse frå Felleskjøpet.
- Dei fem medlemmene hadde standard vestlandsbruk med 12 - 14 mjølkekyr og ca. 100 tonn i kvote. Arealet låg på 80 dekar eigd jord pluss leigejord. Bøndene hadde samarbeida om sommerbeiting i felles allmenning og mjølking på fjellet i 30 år.
- Alle hadde fjøs frå 1970 - 80 åra. Dei hadde - og har - litt ulike arbeidsløysingar, men i utgangspunktet er alle med og tar si tørn i høgtidene og sommarferien. I tillegg har vi tilsett ein røktar på full tid som medlemmene spleiser på, for sjølve å kunne ha full jobb utanom, opplyser Eli Sjåstad.
Rein mjølkeproduksjonHo har ansvaret for 65 årskyr, med 80 - 90 kalvingar i året. Samdrifta starta med fullt påsett, men i dag er det rein mjølkeproduksjon og oksekalvane blir selde når dei er vent av med mjølk.
Kvart enkelt medlem har grovfôrproduksjon med rundballar på eige areal. Dei har maskinsamarbeid med alt av hausteutstyr.
Det var arealgrense då dei gjekk i samdrift, derfor er fôrproduksjonen halde utanfor. Men det kan bli aktuelt å ta han inn, Eli Sjåstad ser fordelar ved å kunne styre produksjonen meir aktivt på til saman 800 dekar jord.
- Vi har jobba mykje med ytelsen på dyra og grovfôr for å halde dyretalet nede, og bruker fôrrådgiver. I tillegget bruker vi avlsrådgiver som set opp planar og går gjennom dyra éin gang i året. Det er ei god investering.
- Og så har vi fo


































































































